Idiot og geni på ein gong

Denne teksten stod på trykk i Nr. 4/ 2009, og er skreven av Trine Østerreng.

2009 er året for Hamsun-jubileet, 150 år etter at forfattaren blei født. Feiringa er dempa, medan det politiske ordskiftet er stort. Å feire ein forfattar som har vore viktig på både godt og vondt har gitt arrangørane ei utfordring.

Knut Hamsun er ein av dei viktigaste norske forfattarane gjennom tidene. Nordlendingen har blitt dekorert med tallause priser, og skulekull etter skulekull har lest, drøfta og gjenfortalt både Victoria, Markens Grøde og Pan. Dermed har Hamsun blitt ein av dei få forfattarane dei aller fleste nordmenn faktisk har eit litterært forhold til. Samtidig har heile etterkrigstida hugsa han som uttalt nazist og som forfattar av Hitlers nekrolog. Denne tannpina har gitt opphav til den utbreidde haldninga om at Hamsun var ein politisk idiot, men eit litterært geni. På den måten kan ein hylle verka hans utan å kome så nær ideologien han sjølv løfta opp. Kan me eigentleg gjere det så enkelt for oss sjølv? Kan ein ukritisk fjerne personen frå verket på denne måten?

Forfattaren og verket
Bernt Hagtvedt underviser i faget Folkemord og politisk massevold i det 20. århundrets politikk ved Universitetet i Oslo og er kjent for å vere sterkt kritisk til totalitære ideologiar. Når Mål og Makt spør, argumenterer han likevel for at me bør kunne hylle verka til Hamsun utan å hylle nazisten.

Korleis meiner du me burde feire Hamsun i 2009?

– Me bør lese han, lese han! Verka hans kan bli lest uavhengig av kva mannen gjorde av politiske dumskapar. Politisk var han ein klovn, og ikkje så lite uærleg. At han kunne skrive ”Paa gjengrodde stier” utan noka form for erkjenning av kva han hadde vore med på, seier alt.

Ståle Dingstad, som skreiv doktorgrad ved Universitetet i Oslo om Hamsun, er usamd i denne oppdelinga mellom person og verk (Apollon 01.02.02). Han hevdar at Hamsun hadde politiske føremål med dei tekstane han skreiv. På den måten vert det veldig vanskeleg å skilje til dømes Ringen sluttet (1936) som verk frå nazismen. Då Hamsun i mellomkrigstida skreiv denne romanen, låg nazismen bak som politisk prosjekt, meiner Dingstad.

Anders Heger har i Dagsavisen derimot trekt fram at dei politisk ømme punkta ved Hamsun som person gjer at det faktisk blir litteraturen som kjem i fokus ved dette jubileet (Dagsavisen 21.02.09). For at ei nasjonal feiring skal bli tåleleg må ein fjerne forfattaren og hans politiske visjon frå tekstane han skreiv. Sånn var det ikkje ved Ibsen-jubileet. Der meiner Heger at det var den nasjonale sjølvhevdinga som stod i fokus, mellom anna demonstrert ved framsyninga av Peer Gynt framfor pyramidane i Egypt. Dermed hamna dei litterære verka til Ibsen fort i bakgrunnen.

Varierande grader av hysteri
Synspunkta over demonstrerer utfordringa tilskiparane av Hamsun-året har stått overfor. Ved opninga av året valte dei å lage ei forsiktig markering. På programmet stod framføring av Sult som gateteater og servering av suppe på St. Olavs plass. Kontrastane til den fyrverkeridominerte opninga av Ibsen-året var tydelege. Trass i denne forsiktige starten kom dronning Sonja for å opne året, og Mette-Marit har blitt den høge verje av jubileet. Bernt Hagtvedt ser ingen problem ved dette: – Sjølvsagt var det heilt i orden at dronninga opna året. La oss slutte med å vere så hysteriske.

Lokalsamfunnet på Hamarøy, som var heimbygda til Hamsun, er heller ikkje hysterisk. Der har det sidan 1980 blitt bygd eit eige galleri, lagd eit museum og ein eigen skule i Hamsuns namn. I år opnar det eit Hamsunsenter i bygda. På nettsidene deira viser dei til at fedrelandskjensla til Hamsun kom frå oppveksten på vakre Hamarøy. Samtidig forklarer dei Hamsuns nazistiske sympatiar med den same kjensla. Dei inviterer av den grunn folk til å kome til bygda og ”utforske hvordan biografi og forfatterskap kan henge sammen”. Dermed knyter dei forfattar saman med tekst og nyttar det som utgangspunkt for å lokke folk til seg.

Trøndelag Teater er av ei anna, meir kritisk oppfatning (Adresseavisa 12.01.09). Teatersjef Otto Homlung erklærte tidlegare i år at teateret skulle vere Hamsun-fri sone i jubileumsåret. I eit innlegg i Adresseavisa skreiv han: «Før man tar stilling til Hamsunjubileet kunne man jo lese dikterens nekrolog over Hitler. Hvis man etter det fortsatt med god smak i munnen vil feire jubileet, så er det bare å hive seg med på festlighetene.»

I vegen for andre ordskifte?
No når jubileumsåret har vart ei stund er det kanskje grunn til å utfordre Hegers teori om at dei vanskelege aspekta ved Hamsun har sett litteraturen hans i fokus. Store delar av ordskiftet har nemleg enda opp med å handle om det same som denne teksten har gjort til no. Kunne det vore annleis?

Når forfattarar blir jubilerte, er det eit godt utgangspunkt for å sjå verka deira i samanheng med dagens samfunn. Hamsun har gitt oss ein haug med tema som burde blitt diskuterte, men som i liten grad har blitt løfta så langt i jubileumsåret. I Sult går hovudpersonen i Kristiania og er svolten. I dag heiter byen Oslo, men framleis er det mange svoltne folk på gata som må tigge etter hjelp.  Løytnant Thomas Glahn lever i boka Pan i pakt med naturen i Nord-Noreg, akkurat som Isak Sellanrå gjer i Markens Grøde. Måten Hamsun hyllar den nordnorske naturen på, syner at han er noko å ta vare på. Kanskje det perspektivet burde stå litt høgare i kurs no når oljenæringa ynskjer å utvinne meir olje, og det frå Lofoten og Vesterålen.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.