Hellings: Granvin-Voss


Teksten stod på trykk i nr 4/2009, og er skreven av Kjartan Helleve.

Eg hadde ei grenselaus tru på haiking i ungdomsåra. Heilt utan grunn, sidan eg til saman har stått lengre og venta på haik på Voss og omland, enn på alle dei nasjonale haiketurane mine. Det ligg ei motvilje hjå folk mot å ta framande folk inn i bilen. Når avstanden heim er tre mil og ein samstundes sver til straight-edge-filosofien, så må ein stundom betale dyrt for det.

1) Eg var nokre gonger heime hjå Gro, som budde litt utanfor Granvin.  Det var ho som heile tida understreka at «me er berre vener, altså!». Ein av desse dagane vart til kveld, og både mora og Gro insisterte på at eg kunne liggje over. Nei då, det er ikkje noko problem å få haik i Granvin seint på kvelden. Så dei køyrde meg dei to kilometrane ned til hovudvegen, og eg stilte meg opp.

– Nei då, det går fint. Eg skal nok få haik, ser du. Ikkje noko problem.

Stemninga og optimismen gjekk bratt nedover derifrå. Etter to timar var klokka passert tolv, sommarkvelden hadde blitt natt og eg måtte tusle opp igjen til Gro og vekkje mora, som rigga meg til i kjellaren. If looks could kill.

2) Den herlege manglande evna eg har til å ikkje lære, sende meg ut på eit tilsvarande prosjekt same året. Eg var heime hjå ein kompis av ein kompis, ein frå den eldre garden alternative i Granvin. Han hadde eige hus, las Melody Maker og røyka saftige saker. Eg skulle på arbeid dagen etter, og fann ut at det ville vere heilt annleis å haike klokka tolv enn klokka ti. No var eg jo i sentrum, og det var ikkje måte på trafikk.

Vel, det var det. Eg kunne vel rekne alle bilane som køyrde forbi i løpet av to timar på ei hand. Så eg beit nok i gong i det sure eplet og gjekk til den alternative for å leggje meg nedpå nokre timar.

Han hadde derimot slokna og verkeleg slokna. Det var umogleg å få liv i nokon der inne. Den einaste løysinga var difor å tjuvlåne sykkelen hans og sykle heim. Mellom Granvin og Voss er det om lag ti ljosstolpar, og ikkje var det lykt på sykkelen. Månen var vekk. Nokre veker tidlegare hadde Søtviken sust forbi meg i Tjukkebygda i full fart utan ljos. Difor var eg nervøs då eg skulle sykle opp Skjerve. Eg såg for meg korleis Søtviken på ny kom susande nedover, sjølv om ein kan stille seg spørsmål ved kva han skulle i Granvin på denne tida av døgnet.

Løysinga var song. Så eg song heile vegen, heilt til eg kom heim. To timar seinare stod eg opp for å reise på jobb. Den alternative var dritsur då eg leverte sykkelen nokre dagar seinare. Han skulle òg på på jobb dagen etter, men sykkelen var vekke.

3) Seinare på hausten var eg på ny heime hjå den alternative. Denne gongen var det fest, og det var noko i ungdomshuset. Kan det ha vore ein slags konsert? Gudane veit. Uansett skulle Kåre på nachspiel, men Pilten, Egil og eg skulle, jepp,  haike heim.

Av erfaring visste eg jo inst inne at det var umogleg, og det gjorde ingenting betre at me var tre, at det var laurdagskveld og at det var fest i ungdomshuset. Men eg kommuniserte som vanleg dårleg med mitt indre, og me stilte oss opp.

Det varte likevel ikkje lenge før me byrja å gå. Som om det skulle vere enklare å få haik ein stad der det ikkje var ljos i det heile.  Fort fekk me merka at det ikkje var sommar lenger, og eg hugsa me fann nokre aviser i eit buss-skur som me putta i buksene og under jakkene. Det hjelpte, og i overmot fann me ut at me skulle gå heile vegen heim. Tre mil midt på natta i edru tilstand.

Då me nærma oss Flatlandsmo Camping etter nokre timar hadde alle fått nok. Løysinga var å leggje oss inn på dassen der. Streitingfaktoren slo inn for fullt, og me rekna med å bli oppdaga av nattevakta som heilt sikkert gjekk ein runde i fire-tida på natta for å sjekke om nokon hadde lagt seg inn på dassen for å sove. Så me låste oss inn på kvar vår do for å sove meir eller mindre rundt sjølve doskåla. I heilt edru tilstand.

Halv sju tusla me ut, utan at nokon nattevakt hadde vore og sjekka, og utan at nokon av oss hadde sove særleg godt.
Det er alltid lov å prøve seg på haik. Ein må berre syte for at ein har ein plan B på under tre mil.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *