Ønskjer du å bidra?

Det er mykje forskjellig som må gjerast for å lage eit blad. Bladet er drive på frivillig basis, men alle bidragsytarar vert kreditert og får bladet eller blada dei har bidratt til. Her er ei oversikt over nokre roller ein kan ha i Mål og Makt:

Sitje i skriftsstyret

Skriftstyret er redaksjonen i Mål og Makt. Styret har orden på t. d. økonomi, søknadar, jobbar med oppbygging og tema for neste blad, gjer intervju og å spør om tekstar, grafisk design, distribusjon, marknadsføring og rekruttering. Om du ønskjer å være med på å lage bladet, og lære korleis ei tidsskrift vert til, så er det berre å melde interesse! Me deler sjølvsagt opp i forskjellige roller innad i styret, slik at alle får gjere noko dei syntes dei er gode på eller interessert i. Om ein ynskjer å bidra med andre ting, som til dømes med tekstar eller illustrasjonar, så kan det fint kombinerast med å sitje i styret.

Skribent

Kanskje har du gått og tenkt på noko i lengre tid, kanskje har du pønska ut noko du trur kunne bli ei god tekst? Kanskje er det om norsk folkemusikk, verdslitteratur eller filosofi? Kanskje er det om samfunn, politikk eller religion? Eller er det berre ei bok, film eller eit teaterstykke du har lyst å melde? Mål og Makt er alltid på jakt etter gode skribentar med noko på hjartet. Om du har ei ferdig tekst eller berre ein idé tek vi gjerne i mot.

Alle tekster som kjem inn til Mål og Makt vert gjennomgått av redaksjonen, og alle skribentar får grundig attendemelding med sikte på å gjere teksta best mogleg. Om du er ny eller gamal skribent gjev dette tryggleik. Det tydar òg at teksta di ikkje treng å vere perfekt for ho kjem til oss. Du får alltid ein sjanse til å forbetre ho! Det er ingen spesielle krav til deg som person for å få skriva, men sjølve teksten må vera trykt på nynorsk. 

Me har nyleg starta ei mailingliste for dei som er interesserte i å skrive for oss. Det er heilt uforpliktande – me sender ut mail med tema for neste blad og kva slags tekstar me er ute etter, og så er det opp til deg å svare om du ynskjer å bidra. Noko for deg? Send oss ein mail, så set me deg på lista.

Illustratør

Bladet hadde sett rimeleg kjedelig ut utan gode illustratørar! Me er alltid på utkikk etter nye folk, med alle moglege slags stilar. Me har ei intern liste over illustratørar, som me kontaktar når me treng illustrasjonar til tekstar eller framsida. Ønskjer du å stå på lista? Det er uforpliktande, og ein kan melde seg av om ein ikkje er interessert lenger.

Send:

  • Namn
  • Student: ja/nei
  • Kontaktinfo, og korleis du helst ønskjer å bli kontakta
    (til dømes mail eller på facebook)
  • Eit utval av illustrasjonar/bilete/verk du har laga tidlegare
  • Lenke til portefølje, om du har

Til oss på mail

Me ser óg etter språkvaskarar (korrekturlesarar).

Om du har nokre spørsmål, så er det berre å ta kontakt!