Veronika valsar opp: Eg, ein sutrekopp? Langt ifrå!


Teksten stod på trykk i nr 1/ 2019 og er skreven av Veronika Bonaa.

Tru det eller ei: det finst faktisk opptil fleire ting som eg ikkje irriterer meg over på ein flekk. Pussig nok ser akkurat desse tinga ut til å irritere vitet av alle andre. Avisene er stadig fulle av hjartesukk over tema som eg rett og slett ikkje klarer å engasjere meg nok i til å ha ei meining om i det heile. Og skulle eg slumpe til å ha ei meining, er ho gjerne heilt på tvers av det som ser ut til å vere gjengs oppfatning. Dei som ynskjer å verve meg til hylekoret sitt, gjer lurt i å unngå desse temaa (i nokså vilkårleg rekkjefylgje):

Hald fram med å lese «Veronika valsar opp: Eg, ein sutrekopp? Langt ifrå!»

Veronika valsar opp: På tide å skifte kjønn?

Teksten stod på trykk i nr 4/ 2009 om er skreven av Veronika Bonaa.
Det demrar meir og meir for meg at eg ikkje er som andre kvinner. Faktisk har eg lenge mistenkt at eg er halvt mann. Til dømes kjenner eg meg hundre prosent att i myten om den influensasjuke mannen. Når eg ein gong kvart jubelår får influensa eller omgangssjuke, er det enkelt og greitt ingen som har det så ille som eg.

Eg må liggje rett ut på sofaen og hutre og demonstrere elendet mitt for all verda med det same temperaturen bikkar 37,7. Eg overser glatt dei skitne sokkane på golvet, eg kan leve i mange dagar på brødskiver og appelsinjus, og ikkje likar eg å snakke noko særleg om kjenslene mine, heller. Der stoppar kanskje likskapen min med gjennomsnittsmannen, om eg har forstått han rett, men tidlegare har sjølv denne graden av maskulinitet fått meg til å kjenne meg litt flau.

Kvifor kan eg ikkje berre kjøpe meg eit KK i ny og ne, eller vokse leggane, eller i det minste unne meg eit avslappande bad i herleg angande rosevatn, tenne nokre stearinlys og leggje nokre oppkvikkande agurkskiver på augeloka av og til? Berre slappe av og få kontakt med mitt indre, liksom? Ta vårpussen på hud og hår før det er på tide å finne fram ullmunduren att, setje meg inn i haustmoten før han kjem på sal, eller irritere meg over mannen som aldri skrur att tannkremtuben?

Slik som eg held på, har eg  jo ingenting å bidra med i samtalen når veninnene treffest over cappuccinoen.  Eg har ikkje så mykje som ei spray-tan-erfaring å kome med. Ikkje har eg vore på spa, heller.
Hadde det berre vore det kroppslege vedlikehaldet det skorta på, kunne eg i det minste orsaka meg med at eg aldri har vore særleg forfengeleg. Men der andre damer seier ”oversjå rotet” i reint koketteri, er det rame alvor heime hos meg.  Og etter ein episode av ”Puls” eg nyleg såg, skjønar eg no at dette ikkje er godt nok for ei moderne kvinne. Det syner seg nemleg at yrkesaktive kvinner i dag har funne ut at huset og håret skal pinade skine like mykje no som det gjorde på 50-talet, då husmora gjekk heime og kjeda vitet av seg over støvklutar og valiumtablettar.

Programmet handla om to visstnok typiske representantar for den nye generasjonen yrkeskvinner: Høgt utdanna, ho eine med full stilling både ute og i heimen, ho hi i 20% stilling, for å få betre tid til huset. Det måtte nemleg vere perfekt til kvar tid. Husa deira såg ut som om det same nummeret av ”Bo bedre” hadde eksplodert heime hos dei.  Absolutt alt var av dyraste merke, ikkje eit støvkorn var i sikte, og sjølv luksussjokoladen som stod framme var berre til pynt. Damene la dessutan vekt på at maten skal vere heimelaga frå botnen av, ungane velkledde, kroppen i toppform, huda stram og mannen flott.

Som om ikkje kvinneidealet ”Puls”-damene set opp for oss er ille nok, har TV-serien ”Partydronninger” i heile haust synt oss kva vi har å strekkje oss etter. Desse jentene er rett nok engelske, men serien er ikkje utan overføringsverdi til norske forhold. Trua på krafta i ein vakker blomedekorasjon er på sterk frammarsj her til lands òg. Konseptet går ut på at ein gjeng ungjenter med høgre rånefaktor enn sjølv vi her i utkant-Noreg klarer å førestille oss, vert sende på kostskule på den engelske landsbygda. Her skal dei lære alt det ei ekte dame treng å kunne, som proper uttale, elegant borddekking og danna konversasjon. Kvar veke vert framskritta deira vurderte av leiartrioen ved skulen, tre overklassefruer med styggare frisyrar og frekkare kommentarar enn nokon av jentene, men med uttalen i orden og skjørta i plettfrie faldar.

Til grunn for vurderinga ligg som regel ein samanstøyt jentene har hatt med ei gruppe representantar for  det motsette kjønn og dei øvre samfunnslag. På fest etter fest fylgjer ugletrioen nøye med på om jentene dukkar for djupt ned i portvinen, bannar for mykje, flørtar med lordesønene eller sit med olbogane på bordet.

Ei etter ei vert jentene sende heim, for krava til kvinneleg åtferd er umenneskelege for desse som er vane med å rape ved frukostbordet, snøvle ved middagsbordet og danse striptease på bardisken. Til slutt er det berre dei med verkeleg potensial som står att som finalistar, og ho som til slutt kan heve champagneglaset til augehøgde, er faktisk så bra at overklassefruene kallar henne utsøkt avlsmaterial. Ja, henne kan dei trygt la sønene sine pare seg med. Det er til å få stjerner i augo av.

Ingen tek skade av å lære seg litt bordskikk eller kutte ned på frukostvodkaen og banninga. Det eg reagerer på er ikkje det jentene skal lærast av med, men det dei skal lærast opp til. Ei ekte kvinne driv med blomsterdekorering, hårfrisering og ganglagstrening. Huset sitt held ho støvfritt og skinande reint, og gjester underheld ho med dei lekraste, heimelaga retter og behageleg tørrprat. O-fag står visstnok ikkje på timeplanen. Det er sikkert ikkje bra for konversasjonen rundt middagsbordet om damene tek til å trekkje inn keisame tema som religion og politikk og sånn.
Derimot får dei nøye opplæring i korleis ei kvinne skal tekkast ein mann. Mennene som er med i programmet som potensielle friarar, er nemleg sportsmenn, og vane med å jakte på bytet sitt. Dei vil ikkje ha slike jenter som seier ja til alt første kvelden. Ho må iallfall seie nei eit par-tre gonger for at jakta skal verte interessant for desse unge herrane. Så når jentene flørtar i aust og vest på fest med dei første propert polerte mennene dei nokon gong har møtt, får dei klar beskjed om at dei har skjemt seg grundig ut. Jentene skal altså takke nei til usømelege forslag frå dei pene, unge herrane, men den same moralen gjeld heilt tydeleg ikkje mennene. Dei skal få gå på jakta si, som dei har slik glede av. Kjønnsrollene er så fastspikra, så kvinnefiendtlege og fordummande at ein skulle tru ein hadde spasert rett inn i eit Jane Austen-mareritt.

Desse damene og jentene fekk meg til å lure på, som så ofte før: Er det meg det er noko gale med? Er det verkeleg berre eg som har tusjstrekar på stovebordet, lodottar på badegolvet, halvdaude plantar i vindaugskarmen og Toro-posar i matskapet? Har alle andre utearbeidande damer remediane klare til eit avslappande spontan-lavendelbad kva tid som helst? Er det ingen andre som går i lett koma når dagens dont med jobb, ungar, møte og middagslaging er i hamn? Er eg i ferd med å gå i moralsk oppløysing om eg meiner det er eitt feitt om det er kvinna eller mannen som står for sjekkinga? Er eg dømt til eit liv som udanna, eg som knapt klarer å skråsnitte nokre roser? Prøver verkeleg alle medsystrene mine å leve slik desse Puls-damene gjer, og partydronningane drøymer om? Viss ikkje: Kvifor finn vi oss i å verte fortalte at det er det vi bør?

For her sit vi altså, i 2009, og beundrar dei støvfrie heimane, feittfrie kroppane og flokefrie mankane. Med full jobb, ungar, hus og foreiningar å ta oss av, misunner vi dei som får det til, alt saman. Framleis bøyer vi oss for vekeblada, TV-programma og interiørmagasina som fortel oss kva ei kvinne har å gjere. Vaksne kvinner med p-pillar i blodet og kondomar i veska får framleis passet sitt påskrive om dei tek noko initiativ på den seksuelle fronten. Latteren har enno ikkje lagt seg heilt i Dagbladet etter Anna Anka si vesle utblåsing no nyleg, men hos meg stoppa latteren i halsen då eg såg Puls-reportasjen og partydronningane. For kor langt er det kvinneidealet som vert framstilt her,  og som vi alle gjer større eller mindre knefall for, frå den pliktoppfyllande mannfolkforlystaren og oppofrande husmora Anka ber oss opptre som?

Om det er slik det er å vere ei ekte kvinne, er eg glad for den maskuline åra mi. Om det er slik at ein alltid må ha fersk, heimelaga pesto og aioli i kjøleskåpet for å vere ei god husmor, får eg heller berre erkjenne at eg har det betre som halvt mann. Då held eg fram med å lese bilsidene i avisa og hoste og harke for kvart minste halsvondt som kjem min veg. Men brodérsakene mine får du aldri.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.

Hellings: Granvin-Voss


Teksten stod på trykk i nr 4/2009, og er skreven av Kjartan Helleve.

Eg hadde ei grenselaus tru på haiking i ungdomsåra. Heilt utan grunn, sidan eg til saman har stått lengre og venta på haik på Voss og omland, enn på alle dei nasjonale haiketurane mine. Det ligg ei motvilje hjå folk mot å ta framande folk inn i bilen. Når avstanden heim er tre mil og ein samstundes sver til straight-edge-filosofien, så må ein stundom betale dyrt for det.

1) Eg var nokre gonger heime hjå Gro, som budde litt utanfor Granvin.  Det var ho som heile tida understreka at «me er berre vener, altså!». Ein av desse dagane vart til kveld, og både mora og Gro insisterte på at eg kunne liggje over. Nei då, det er ikkje noko problem å få haik i Granvin seint på kvelden. Så dei køyrde meg dei to kilometrane ned til hovudvegen, og eg stilte meg opp.

– Nei då, det går fint. Eg skal nok få haik, ser du. Ikkje noko problem.

Stemninga og optimismen gjekk bratt nedover derifrå. Etter to timar var klokka passert tolv, sommarkvelden hadde blitt natt og eg måtte tusle opp igjen til Gro og vekkje mora, som rigga meg til i kjellaren. If looks could kill.

2) Den herlege manglande evna eg har til å ikkje lære, sende meg ut på eit tilsvarande prosjekt same året. Eg var heime hjå ein kompis av ein kompis, ein frå den eldre garden alternative i Granvin. Han hadde eige hus, las Melody Maker og røyka saftige saker. Eg skulle på arbeid dagen etter, og fann ut at det ville vere heilt annleis å haike klokka tolv enn klokka ti. No var eg jo i sentrum, og det var ikkje måte på trafikk.

Vel, det var det. Eg kunne vel rekne alle bilane som køyrde forbi i løpet av to timar på ei hand. Så eg beit nok i gong i det sure eplet og gjekk til den alternative for å leggje meg nedpå nokre timar.

Han hadde derimot slokna og verkeleg slokna. Det var umogleg å få liv i nokon der inne. Den einaste løysinga var difor å tjuvlåne sykkelen hans og sykle heim. Mellom Granvin og Voss er det om lag ti ljosstolpar, og ikkje var det lykt på sykkelen. Månen var vekk. Nokre veker tidlegare hadde Søtviken sust forbi meg i Tjukkebygda i full fart utan ljos. Difor var eg nervøs då eg skulle sykle opp Skjerve. Eg såg for meg korleis Søtviken på ny kom susande nedover, sjølv om ein kan stille seg spørsmål ved kva han skulle i Granvin på denne tida av døgnet.

Løysinga var song. Så eg song heile vegen, heilt til eg kom heim. To timar seinare stod eg opp for å reise på jobb. Den alternative var dritsur då eg leverte sykkelen nokre dagar seinare. Han skulle òg på på jobb dagen etter, men sykkelen var vekke.

3) Seinare på hausten var eg på ny heime hjå den alternative. Denne gongen var det fest, og det var noko i ungdomshuset. Kan det ha vore ein slags konsert? Gudane veit. Uansett skulle Kåre på nachspiel, men Pilten, Egil og eg skulle, jepp,  haike heim.

Av erfaring visste eg jo inst inne at det var umogleg, og det gjorde ingenting betre at me var tre, at det var laurdagskveld og at det var fest i ungdomshuset. Men eg kommuniserte som vanleg dårleg med mitt indre, og me stilte oss opp.

Det varte likevel ikkje lenge før me byrja å gå. Som om det skulle vere enklare å få haik ein stad der det ikkje var ljos i det heile.  Fort fekk me merka at det ikkje var sommar lenger, og eg hugsa me fann nokre aviser i eit buss-skur som me putta i buksene og under jakkene. Det hjelpte, og i overmot fann me ut at me skulle gå heile vegen heim. Tre mil midt på natta i edru tilstand.

Då me nærma oss Flatlandsmo Camping etter nokre timar hadde alle fått nok. Løysinga var å leggje oss inn på dassen der. Streitingfaktoren slo inn for fullt, og me rekna med å bli oppdaga av nattevakta som heilt sikkert gjekk ein runde i fire-tida på natta for å sjekke om nokon hadde lagt seg inn på dassen for å sove. Så me låste oss inn på kvar vår do for å sove meir eller mindre rundt sjølve doskåla. I heilt edru tilstand.

Halv sju tusla me ut, utan at nokon nattevakt hadde vore og sjekka, og utan at nokon av oss hadde sove særleg godt.
Det er alltid lov å prøve seg på haik. Ein må berre syte for at ein har ein plan B på under tre mil.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.