Mål og Makt

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Bladpengar for 2012

without comments

Gode abonnentar!

Utsendinga av krav om bladpengar blei diverre sterk forseinka i år og vi er leie for dette. Dato for innbetaling er difor urett. Me vonar at de svarar pengane så raskt som råd, i alle høve før året er omme:) De skal sjølvsagt  ikkje betale purreavgift!

Vi reknar også med at alle har fått bladet sitt i posten:)

Alt godt

Skriftstyret i Mål og Makt

 

 

Written by Helene Urdland Karlsen

mai 13th, 2012 at 12:37 p.m.

Posted in Uncategorized

Om tidsskriftet

without comments

Mål og makt handlar mest om målsak og kulturstrid, vi snakkar med folk som er interessante, trekkjer ned buksene på dei som fortener det og inviterer gode skribentar inn i spaltene.

Me kvir oss ikkje for sjølvskryt, men me er faktisk det einaste tidsskriftet som ikkje berre skriv nynorsk. Ambisjonen vår er å vera eit blad for alle som er interesserte i språk, språkdebatt, kulturkamp, motkulturelle ståstader, til tider iblanda store dosar politikk. Innimellom saklegheita kan du lesa dei korte og lange snodige forteljingane til den faste spaltisten Kjartan Helleve. Mål og makt tøysar med nynorsk-adelen og ropar ut nye nynorske heltar.

Mål og makt har ei lang og ærerik historie frå det fyrste nummeret kom famlande i 1934 og fram til i dag. Tidsskriftet blir gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, og kjem med omlag fire nummer i året.

Ting Mål og Makt i eitt år for 185 kr! Send e-post til malogmakt@malogmakt.no med namn og adresse.

Written by Leif Arne Storset

oktober 14th, 2010 at 9:43 a.m.

Posted in Uncategorized