Dei arme små?

Teksten stod i nr 1/2010, og er skreven av Tore Syvert Haga.

Kommunane er ein hjørnestein i demokratiet. Men hjørnesteinen blir stadig smalare og mindre stødig.

Ein høyrer stadig vekk at Noreg er ein velferdsstat. Eg er no ikkje så sikker på det. Snarare er Noreg 430 velferdskommunar. Då eg gjekk på skulen var det ikkje staten som fiksa det dei fyrste ti åra. Det var kommunen. Når farmor no er på sjukeheim er det ikkje staten som steller henne, men Randaberg kommune. Kulturskulen, der syster mi meir eller mindre lærde seg å spela tverrfløyte, er det heller ikkje staten som fiksar, men kommunen. I den grad allmennlegane er underlagt det offentlege sine venger, er det òg kommunen som har ansvaret for dei.

Hald fram med å lese «Dei arme små?»

Ei heilag, demokratisk kyrkje?

Teksten stod på trykk i nr 1/2010, og er skreven av Torkil Hvidsten.

Kyrkjevalet i fjor var den første testen på om kyrkja var klar til sjølvstyre. Det vart ein fiasko.
Det historiske stortingsforliket om staten og kyrkja starta to parallelle prosessar. Kyrkja skulle skiljast frå staten, samstundes som ho skulle demokratiserast. Folkekyrkja vert rekna som klar til å styre seg sjølv den dagen det er folket som styrer kyrkja. Derfor vart det skipa ei demokratiseringsreform som skulle gi kyrkjemedlemmane større høve til påverknad og dei valde organa meir legitimitet.

Hald fram med å lese «Ei heilag, demokratisk kyrkje?»

Veronika valsar opp: Eg, ein sutrekopp? Langt ifrå!


Teksten stod på trykk i nr 1/ 2019 og er skreven av Veronika Bonaa.

Tru det eller ei: det finst faktisk opptil fleire ting som eg ikkje irriterer meg over på ein flekk. Pussig nok ser akkurat desse tinga ut til å irritere vitet av alle andre. Avisene er stadig fulle av hjartesukk over tema som eg rett og slett ikkje klarer å engasjere meg nok i til å ha ei meining om i det heile. Og skulle eg slumpe til å ha ei meining, er ho gjerne heilt på tvers av det som ser ut til å vere gjengs oppfatning. Dei som ynskjer å verve meg til hylekoret sitt, gjer lurt i å unngå desse temaa (i nokså vilkårleg rekkjefylgje):

Hald fram med å lese «Veronika valsar opp: Eg, ein sutrekopp? Langt ifrå!»

Truga verdsarv


Dette er leiarartikkelen frå nr 4/2009, skreven av Astrid Marie Grov.
Ettersom eg er lingvist, og dermed over snittet interessert i språk, spisser eg gjerne øyro når temaet kjem opp i ulike samanhengar. Ein av dei mest interessante påstandane eg i så høve har fått med meg, er at  «norsk er eit lite språk». Og det kan kanskje verke slik, her i vårt nordeuropeiske hjørne av verda, ettersom me unekteleg har ein del store språk rundt oss. Men likevel synst eg påstanden er litt pussig, sjølv om han kjem frå «mannen i gata», utan språkfagleg bakgrunn.

Hald fram med å lese «Truga verdsarv»

Veronika valsar opp: På tide å skifte kjønn?

Teksten stod på trykk i nr 4/ 2009 om er skreven av Veronika Bonaa.
Det demrar meir og meir for meg at eg ikkje er som andre kvinner. Faktisk har eg lenge mistenkt at eg er halvt mann. Til dømes kjenner eg meg hundre prosent att i myten om den influensasjuke mannen. Når eg ein gong kvart jubelår får influensa eller omgangssjuke, er det enkelt og greitt ingen som har det så ille som eg.

Eg må liggje rett ut på sofaen og hutre og demonstrere elendet mitt for all verda med det same temperaturen bikkar 37,7. Eg overser glatt dei skitne sokkane på golvet, eg kan leve i mange dagar på brødskiver og appelsinjus, og ikkje likar eg å snakke noko særleg om kjenslene mine, heller. Der stoppar kanskje likskapen min med gjennomsnittsmannen, om eg har forstått han rett, men tidlegare har sjølv denne graden av maskulinitet fått meg til å kjenne meg litt flau.

Kvifor kan eg ikkje berre kjøpe meg eit KK i ny og ne, eller vokse leggane, eller i det minste unne meg eit avslappande bad i herleg angande rosevatn, tenne nokre stearinlys og leggje nokre oppkvikkande agurkskiver på augeloka av og til? Berre slappe av og få kontakt med mitt indre, liksom? Ta vårpussen på hud og hår før det er på tide å finne fram ullmunduren att, setje meg inn i haustmoten før han kjem på sal, eller irritere meg over mannen som aldri skrur att tannkremtuben?

Slik som eg held på, har eg  jo ingenting å bidra med i samtalen når veninnene treffest over cappuccinoen.  Eg har ikkje så mykje som ei spray-tan-erfaring å kome med. Ikkje har eg vore på spa, heller.
Hadde det berre vore det kroppslege vedlikehaldet det skorta på, kunne eg i det minste orsaka meg med at eg aldri har vore særleg forfengeleg. Men der andre damer seier ”oversjå rotet” i reint koketteri, er det rame alvor heime hos meg.  Og etter ein episode av ”Puls” eg nyleg såg, skjønar eg no at dette ikkje er godt nok for ei moderne kvinne. Det syner seg nemleg at yrkesaktive kvinner i dag har funne ut at huset og håret skal pinade skine like mykje no som det gjorde på 50-talet, då husmora gjekk heime og kjeda vitet av seg over støvklutar og valiumtablettar.

Programmet handla om to visstnok typiske representantar for den nye generasjonen yrkeskvinner: Høgt utdanna, ho eine med full stilling både ute og i heimen, ho hi i 20% stilling, for å få betre tid til huset. Det måtte nemleg vere perfekt til kvar tid. Husa deira såg ut som om det same nummeret av ”Bo bedre” hadde eksplodert heime hos dei.  Absolutt alt var av dyraste merke, ikkje eit støvkorn var i sikte, og sjølv luksussjokoladen som stod framme var berre til pynt. Damene la dessutan vekt på at maten skal vere heimelaga frå botnen av, ungane velkledde, kroppen i toppform, huda stram og mannen flott.

Som om ikkje kvinneidealet ”Puls”-damene set opp for oss er ille nok, har TV-serien ”Partydronninger” i heile haust synt oss kva vi har å strekkje oss etter. Desse jentene er rett nok engelske, men serien er ikkje utan overføringsverdi til norske forhold. Trua på krafta i ein vakker blomedekorasjon er på sterk frammarsj her til lands òg. Konseptet går ut på at ein gjeng ungjenter med høgre rånefaktor enn sjølv vi her i utkant-Noreg klarer å førestille oss, vert sende på kostskule på den engelske landsbygda. Her skal dei lære alt det ei ekte dame treng å kunne, som proper uttale, elegant borddekking og danna konversasjon. Kvar veke vert framskritta deira vurderte av leiartrioen ved skulen, tre overklassefruer med styggare frisyrar og frekkare kommentarar enn nokon av jentene, men med uttalen i orden og skjørta i plettfrie faldar.

Til grunn for vurderinga ligg som regel ein samanstøyt jentene har hatt med ei gruppe representantar for  det motsette kjønn og dei øvre samfunnslag. På fest etter fest fylgjer ugletrioen nøye med på om jentene dukkar for djupt ned i portvinen, bannar for mykje, flørtar med lordesønene eller sit med olbogane på bordet.

Ei etter ei vert jentene sende heim, for krava til kvinneleg åtferd er umenneskelege for desse som er vane med å rape ved frukostbordet, snøvle ved middagsbordet og danse striptease på bardisken. Til slutt er det berre dei med verkeleg potensial som står att som finalistar, og ho som til slutt kan heve champagneglaset til augehøgde, er faktisk så bra at overklassefruene kallar henne utsøkt avlsmaterial. Ja, henne kan dei trygt la sønene sine pare seg med. Det er til å få stjerner i augo av.

Ingen tek skade av å lære seg litt bordskikk eller kutte ned på frukostvodkaen og banninga. Det eg reagerer på er ikkje det jentene skal lærast av med, men det dei skal lærast opp til. Ei ekte kvinne driv med blomsterdekorering, hårfrisering og ganglagstrening. Huset sitt held ho støvfritt og skinande reint, og gjester underheld ho med dei lekraste, heimelaga retter og behageleg tørrprat. O-fag står visstnok ikkje på timeplanen. Det er sikkert ikkje bra for konversasjonen rundt middagsbordet om damene tek til å trekkje inn keisame tema som religion og politikk og sånn.
Derimot får dei nøye opplæring i korleis ei kvinne skal tekkast ein mann. Mennene som er med i programmet som potensielle friarar, er nemleg sportsmenn, og vane med å jakte på bytet sitt. Dei vil ikkje ha slike jenter som seier ja til alt første kvelden. Ho må iallfall seie nei eit par-tre gonger for at jakta skal verte interessant for desse unge herrane. Så når jentene flørtar i aust og vest på fest med dei første propert polerte mennene dei nokon gong har møtt, får dei klar beskjed om at dei har skjemt seg grundig ut. Jentene skal altså takke nei til usømelege forslag frå dei pene, unge herrane, men den same moralen gjeld heilt tydeleg ikkje mennene. Dei skal få gå på jakta si, som dei har slik glede av. Kjønnsrollene er så fastspikra, så kvinnefiendtlege og fordummande at ein skulle tru ein hadde spasert rett inn i eit Jane Austen-mareritt.

Desse damene og jentene fekk meg til å lure på, som så ofte før: Er det meg det er noko gale med? Er det verkeleg berre eg som har tusjstrekar på stovebordet, lodottar på badegolvet, halvdaude plantar i vindaugskarmen og Toro-posar i matskapet? Har alle andre utearbeidande damer remediane klare til eit avslappande spontan-lavendelbad kva tid som helst? Er det ingen andre som går i lett koma når dagens dont med jobb, ungar, møte og middagslaging er i hamn? Er eg i ferd med å gå i moralsk oppløysing om eg meiner det er eitt feitt om det er kvinna eller mannen som står for sjekkinga? Er eg dømt til eit liv som udanna, eg som knapt klarer å skråsnitte nokre roser? Prøver verkeleg alle medsystrene mine å leve slik desse Puls-damene gjer, og partydronningane drøymer om? Viss ikkje: Kvifor finn vi oss i å verte fortalte at det er det vi bør?

For her sit vi altså, i 2009, og beundrar dei støvfrie heimane, feittfrie kroppane og flokefrie mankane. Med full jobb, ungar, hus og foreiningar å ta oss av, misunner vi dei som får det til, alt saman. Framleis bøyer vi oss for vekeblada, TV-programma og interiørmagasina som fortel oss kva ei kvinne har å gjere. Vaksne kvinner med p-pillar i blodet og kondomar i veska får framleis passet sitt påskrive om dei tek noko initiativ på den seksuelle fronten. Latteren har enno ikkje lagt seg heilt i Dagbladet etter Anna Anka si vesle utblåsing no nyleg, men hos meg stoppa latteren i halsen då eg såg Puls-reportasjen og partydronningane. For kor langt er det kvinneidealet som vert framstilt her,  og som vi alle gjer større eller mindre knefall for, frå den pliktoppfyllande mannfolkforlystaren og oppofrande husmora Anka ber oss opptre som?

Om det er slik det er å vere ei ekte kvinne, er eg glad for den maskuline åra mi. Om det er slik at ein alltid må ha fersk, heimelaga pesto og aioli i kjøleskåpet for å vere ei god husmor, får eg heller berre erkjenne at eg har det betre som halvt mann. Då held eg fram med å lese bilsidene i avisa og hoste og harke for kvart minste halsvondt som kjem min veg. Men brodérsakene mine får du aldri.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.

Demokrati-dagen

Teksten stod på trykk i Nr 4 / 2009, og er skreven av Tore Syvert Haga.
Å sleppa ein setel oppi urna annakvart år er ganske lett. Men å avvikla eit val er ikkje fullt så lett. Ein må venna seg til å bruka linjal, og dessutan få det rette handlaget med stempelet.

Andre måndag i september, annankvart år, blir gymsalar på skular rundt om i det ganske land stengt for meir eller mindre spretne skuleelevar, for så å heller bli fyllt opp av ein jamn straum med meir eller mindre engasjerte veljarar. Mellom seksti og åtti prosent av dei  røysteføre legg sin utvalde setel i urna. Ofte har dei attpåtil både kryssa og streka på han, alt etter kven av kandidatane dei liker best, og minst.


Heilag handling?

Valhandlinga er av dei meir heilage i vårt sekulære samfunn. Mange av veljarane er prega av alvor når dei legg den ferdigstempla setelen i urna. Andre ser berre sinte ut, og i den grad det går an å kyla ein ukrølla papirlapp ned i ein sprekk, gjer dei nettopp det. Andre igjen smiler. Dette kan eg slå fast fordi eg ved dei tre siste vala har jobba som avkryssar på Kringsjå skule nordvest i Oslo.

I Noreg har kommunane hovudansvaret for avviklinga av valet. Kvar kommune er delt inn i ulike valkrinsar, ofte, men slett ikkje alltid, samanfallande med skulekrinsane. Skulane blir òg i stor mon nytta som vallokale, men somme kommunar nyttar kyrkjer og samfunnshus òg. For ein eller to dagar blir desse lokala gjort om til demokratihus. Gymsalen blir fyllt opp av små avlukke, laga av jernstativ. På desse heng det forheng som liknar på dusjforheng, berre at dei berre går halvvegs ned til golvet. Inni  avlukka er det ein pult og eit stativ med eit godt utval i stemmesetlar. I tillegg til avlukka blir det sett ut ei rad pultar om lag midt i lokalet. Her sitt manntalet og avkryssarane. Og her står det heilagaste av det heilage, i alle fall i dag, nemleg valurna.

Det er ingenting som kjem av seg sjølv, det gjer heller ikkje eit valresultat. Det er mange som jobbar for  at folk skal få stemma, og for at resultatet skal teljast korrekt. I kvart vallokale er det ikkje berre ein, men to sjefar. Stemmestyresjefen og inspektøren. Stemmestyresjefen representerer den politiske leiinga i kommunen, inspektøren den politiske leiinga. Dei har kvar sine oppgåver, og kvar sine undersåttar. Stemmestyresjefen er ein lokalpolitikar, det same er resten av stemmestyret. Dei skal «rettleia» veljarane i lokalet. Det høyrest kanskje litt paradoksalt ut, men det er oppgåva deira. Det er likevel ikkje tale om eit framhald av valkampen, dei skal ikkje driva agitasjon. Dei skal gjeta veljarane rundt i lokalet. Den fyrste oppgåva er å hindra at veljaren går direkte til manntalet for å bli kryssa ut. Det er feil, og hadde valet blitt avvikla på den måten ville det vore meir eller mindre umuleg å sikra at det gjekk fritt og rettvist for seg. Nei, skal valet fungera nokolunde greitt må veljarane fyrst gå inn i eit avlukke og henta seg ein stemmesetel. Så går dei til manntalet, blir kryssa ut og så blir setelen stempla. Fyrst då kan han leggast oppi valurna.

Kunsten å bretta
Stemmestyret skal ikkje berre leia veljarane på den smale stien inn i avlukket. Dei skal og gje eit kort innføringskurs i korrekt bretting av stemmesetlar. Berre korrekt bretting kan hindra at valet blir uhemmeleg, og med det i strid med alle dei prinsippa som Noreg sender valobservatørar ut i verda for å sikra. Kort fortald: Som dei fleste lesarar av Mål og Makt vonleg veit, har ein stemmesetel fire sider i a5-format, trykt inn på eit liggande a4-ark, perforert på midten.  På framsida  står det lite, men det er eit stempelfelt. På side 2 og 3 står partinamnet og namna på kandidatane til partiet. På sistesida står det ikkje noko serleg. Om veljaren, i vanvare eller fordi han er stolt over valet sitt, brettar setelen sånn at framsida går baklengs mot baksida, og side to og tre kjem ut, går det meste på tverke. For det fyrste blir ikkje valet hemmeleg, for det andre får ikkje avkryssaren (eller stemplaren, som denne fotsoldaten i demokratiet like gjerne kunne vore kalla) sett sitt livgjevande stempel på stemmen. Og ein stemmesetel utan stempel er som ein Venstre-leiar utan stortingsplass, ganske fortapt.

Ved dei siste vala har om lag tjue prosent av veljarane bretta setlane sine feil. Ved valet i 2005 og 2007 var praksisen at me bretta setelen for veljaren, før krysset i manntalet og stempelet på setelen blei sett.  Det gjorde for så vidt jobben til avkryssarane mykje meir interessant, fordi ein kunne sjå kva folk stemte. I år var praksisen sterkt innskjerpa, og alle veljarane fekk nøye info om korleis brettinga skulle skje. Og her kom stemmestyret inn i biletet. Gjennom sitt innføringskurs i bretting sikra dei at feilprosenten kom ned mot oppslutninga til Raudt på landsbasis, altså temmeleg lågt. Valet blei mykje meir hemmeleg i 2009 enn i 2007 og 2005. Demokratiet blomstrar altså som aldri før i fedrelandet.

Ein om gongen
Men stemmestyret nøyer seg ikkje med gjeting og brettekurs. I tillegg hadde dei til oppgåve å hindra at nokon var to i valavlukket. Det er ein annan byggestein i prinsippet om hemmeleg val. På opplæringa ei  veke før valdagen fekk dei streng melding om at berre ungar som var så små at dei ikkje kunne påverka foreldra sine politisk fekk, lov til å bli med inn bak det forminska dusjforhenget. Mann og kone fekk ikkje vera i lag. Heller ikkje veldig gamal og senil mor og berre litt gammal og overtydd høgreveljardotter heller. Om nokon treng hjelp i avlukket er det berre stemmestyremedlemmar som har lov til å yta denne hjelpa. Kanskje litt pussig at akkurat politikarar blir sett til det, men sånn er reglane.

I tillegg skal dei sikra jamt påfyll av pennar og stemmesetlar i valavlukka. At stemmesetlane forsvinn er ein ganske essensiell del av valavviklinga, at pennane forsvinn er mest å rekna som ein sideeffekt. Dei skal òg passa på at det ikkje blir tukla med stemmesetlane i avlukka. Tukling vil sei at det blir satt inn førehandsfiksa lister, kor visse kandidatar er strokne eller flytta lengre opp.

Ein annan, meir alvorleg form for tukling, er å setta eit parti sine lister på plassen til eit anna, bakerst i bunken. Visstnok hadde ein ivrig tilhengar av eit ganske lite parti satt listene til sitt parti bakerst i bunken med Høgre-lister i eit vallokale i Bergen. Det førde til store oppslag i fleire nettaviser, og til at det sentrale valstyret i Oslo kommune sendte tekstmelding til alle inspektørane om at dei måtte sjekka at ikkje det same skjedde i deira lokale. Valstyret si tru på evna til samordna handling over heile landet i dette vesle partiet var tydelegvis stor. Gjennom nøye kontroll med kvart eit avlukke, trur eg at stemmestyret på Kringsjå skule greidde å hindra at dette skjedde her.

Arbeid til alle
Stemmestyret er ikkje dei einaste som jobbar med å avvikla valet. Inspektøren har ei rekke medhjelparar som kallast avkryssarar. Deira oppgåve er å sjekka at folk har rett til å stemma, setta kryss i roda og stempla stemmesetelen.  Roda er valdagen sitt svar på Bibelen. Det er med andre ord ei veldig viktig bok, som avkryssarane må bla mykje i. Her står det nemleg kven som i fylgje folkeregisteret er busett i valkrinsen og har rett til å stemma på vanleg måte der.

Når ein veljar kjem til pulten kor avkryssaren sitt, med sin utvalde, og vonleg hemmelege, stemmesetel, må han legitimera seg. Utan gyldig dokumentasjon får han ikkje stemma. Avkryssaren undersøker så om personen står i roda. Gjer han ikkje det, blir han sendt vidare til Assistenten. Ho sitt ved ein pult litt bortanfor, og har eit digitalt manntal for heile Oslo kommune. Ho tek imot framande stemmer, det vil seia stemmer frå andre krinsar i Oslo. Står veljaren i roda, namnet på legitimasjonen stemmer med namnet i lista, og ansiktet på legitimasjonen samsvarar nokolunde med ansiktet på veljaren, blir det satt eit kryss ved personen. Avkryssar A seier ”den er grei”, eller noko i den duren, og avkryssar B får setelen og sett eit stempel i stempelfeltet på framsida. Stemmen er no gyldig, og veljaren kan legga han oppi urna. Så går veljaren ut i det fri, og det er minst to år til neste gong. Om han ikkje går innom kyrkjevalet, neste dør til venstre. Statistisk sett gjer han ikkje det.

Kikkarar
Dei siste vala har det vore valobservatørar på vitjing i Noreg. Ved dette valet var det faktisk to grupper av observatørar på Kringsjå skule. Dei såg ut som om dei kom frå sentralasiatiske land, og verka vera unge, intelligente menneske. Kva slags demokratiske tradisjonar dei har i heimlanda sine kan eg ikkje uttala meg for skråsikkert om, men det får så vera.

Innspel frå  inspektørane var nok med på å få fram innskjerpinga på bretting ved dette valet. Observatørane hadde visstnok vore sjokkerte over den tidlegare nemnte slappe praksisen frå tidlegare år, kor avkryssarar og naboar lett kunne sjå kva folk stemte på. Eg trur mange innan norsk forvaltning fann det litt småflaut å få kritikk frå sentralasiatiske observatørar, og at det førde til at direktivet om å skjerpa inn brettinga blei sendt nedover alle mulege kommandoliner.

Deltakande observasjon
Arbeidsdagen som avkryssar kan lett bli einsidig. Om ein ikkje bryr seg om politikk  eller har akutt fobi mot gymsalar, pensjonistar eller å seia dei same setningane rundt tusen gonger i løpet av ein dag eller to, er det ikkje nokon passande jobb. Men elles er det kjempekjekt. Mellom anna fekk eg sjansen til å tenka litt over veljarsosiologi. Sjølv blant ein liten del av dei som hadde bretta setelen rett gjekk det nemleg an for avkryssaren å skimta kva partiliste dei hadde vald. Basert på eit ikkje heilt representativt utval  av veljarane frå Kringsjå valkrins, kan ein slå fast kven som stemmer på dei ulike partia.

  • Høgre: Mange som ser vellukka, sjølvtilfredse og relativt velstelte ut stemte på dei. Det gjeld både unge, middelaldrande og gamle.
  • FrP: Dette partiet står sterkt hos dei som ser sinte ut. Spesielt ein stor del av gamle som ser slitne (og sinte ut).
  • SV: Kristin Halvorsen har rett nok ganske få veljarar igjen, men dei er likevel ganske ulike. Unge folk, som ikkje såg ut som høgrefolk,  var overrepresenterte blant veljarane. Det same var spreke, middelaldrande folk kledd i treningstøy.
  • AP: Resten stemmer stort sett AP. Dei ser mindre sinte ut enn FrP-veljarane og er mindre glansa enn Høgreveljarane, elles er dei stort sett som folk flest. Noko valresultatet òg viste.
  • Dei som stemte på andre parti var anten heilt utan særtrekk, veldig få, eller berre flinkare  til å halda stemmesetelen på ein måte som gjorde at avkryssarane ikkje kunne sjå kva dei stemte. For å vera open får vel underteikna tilføya at han hadde førehandstemt på det raudaste og grønaste av regjeringspartia.

Kjentfolk
I tillegg kan det nemnast at det var ein god del kjendisar som stemte på Kringsjå. Minst ein av dei er kjendis i Se og Hør-klassa. Han er kjend for å bruka gummistøvlar, gjera fotball til matematikk og gull (eller i alle fall nesten meisterskapsdeltakarar) av  norske gråsteinsfotballspelarar. Drillo, den gamle kommunisten, bur altså på den moderate vestkanten. Men skal ein tru kva han seier i media stemmer han framleis på det raude mini-partiet. Og då er det, trass det siste valresultatet, ikkje SV det er tale om.

Resten av kjendisane er nok ikkje fyrstesideoppslag i Se og Hør. Men kanskje i Mål og Makt? Ragnar Hovland, kjend nynorskforfattar og strålande Innsideskribent i Dag og tid, stemte på Kringsjå. Akkurat då hadde eg pause, det var ein stor nedtur. Kanskje han kom med ein underfundig kommentar?

Ein annan som kanskje er litt halvkjent for Mål og Makt sine lesarar er leiar av Forskarforbundet, Bjarne Hodne. Med hans lange utdanning skulle det berre mangla at han greidde å bretta stemmesetelen. Det gjorde han, så eg veit ikkje kva leiaren av de partipolitisk uavhengige fagforeininga Forskarforbundet stemte på. Stemma gjorde han likevel.  Apropos partipolitisk uavhengig (eller gule, som nokre seier) fagforeiningar, var jammen leiar av YS, Tore Eugen Kvalbein, òg innom lokalet for å stemma. Kva han stemte, veit eg heller ikkje.

I 2005 og 2007 stemte Jens Stoltenberg på Kringsjå, han budde jo på Nordberg. No har han, som me alle kunne sjå på TV seint på valkvelden, flytta inn i statsministerbustaden i ambassadestroket i Oslo sentrum. I år kom det med andre ord ingen TV-kamera eller aviser til Kringsjå skule på valdagen. Det var ein nedtur.

Det som tel
Då dagen var omme og sjefen for stemmestyret stengte døra for dei siste, ivrige veljarane som kom ti sekund for seint, starta høgdepunktet og avslutninga av dagen. Sjølve meininga, målet, poenget med alt styret: Oppteljinga. Kven hadde flest stemt på? Oppteljinga skjer i fleire rundar. Fyrst blir alle stemmesetlane tømt på eit bord. Stemmesetlar utan stempel, og andre ting enn stemmesetlar, blir sorterte ut. Det blir telt kor mange gyldige stemmesetlar som fanst. Så blir det telt i manntalet om talet på kryss stemmer med talet på setlar. Avviket kan berre vera på ein promille. I år greidde me faktisk null avvik.

Neste steg er å sortera setlane etter parti. Alle blir lagt i store (eller mindre store) stablar, same vegen, sånn at dei er lette å tella. Så kjem sjølve klimakset, nemleg teljinga av stemmesetlar. Kvar bunke blir telt av to personar, og kjem dei til ulike tal må ein tredjeperson telja. Summen av alle partia sine stemmer blir så summerte, og dei må stemma med talet på stemmer totalt og kryss i manntalet. Elles blir det omteljing igjen og igjen, til resultatet stemmer. Denne kvelden stemte det ganske bra, og etter ei einaste omteljing av AP’s feite bunke stemte resultatet. Så var det ut i mørket og heim til valsendingar på TV. Med vissheita om at utan avkryssarar og stemmestyre hadde ikkje Geir Heljesen hatt eit einaste resultat å rapportera om.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.

Idiot og geni på ein gong

Denne teksten stod på trykk i Nr. 4/ 2009, og er skreven av Trine Østerreng.

2009 er året for Hamsun-jubileet, 150 år etter at forfattaren blei født. Feiringa er dempa, medan det politiske ordskiftet er stort. Å feire ein forfattar som har vore viktig på både godt og vondt har gitt arrangørane ei utfordring.

Knut Hamsun er ein av dei viktigaste norske forfattarane gjennom tidene. Nordlendingen har blitt dekorert med tallause priser, og skulekull etter skulekull har lest, drøfta og gjenfortalt både Victoria, Markens Grøde og Pan. Dermed har Hamsun blitt ein av dei få forfattarane dei aller fleste nordmenn faktisk har eit litterært forhold til. Samtidig har heile etterkrigstida hugsa han som uttalt nazist og som forfattar av Hitlers nekrolog. Denne tannpina har gitt opphav til den utbreidde haldninga om at Hamsun var ein politisk idiot, men eit litterært geni. På den måten kan ein hylle verka hans utan å kome så nær ideologien han sjølv løfta opp. Kan me eigentleg gjere det så enkelt for oss sjølv? Kan ein ukritisk fjerne personen frå verket på denne måten?

Forfattaren og verket
Bernt Hagtvedt underviser i faget Folkemord og politisk massevold i det 20. århundrets politikk ved Universitetet i Oslo og er kjent for å vere sterkt kritisk til totalitære ideologiar. Når Mål og Makt spør, argumenterer han likevel for at me bør kunne hylle verka til Hamsun utan å hylle nazisten.

Korleis meiner du me burde feire Hamsun i 2009?

– Me bør lese han, lese han! Verka hans kan bli lest uavhengig av kva mannen gjorde av politiske dumskapar. Politisk var han ein klovn, og ikkje så lite uærleg. At han kunne skrive ”Paa gjengrodde stier” utan noka form for erkjenning av kva han hadde vore med på, seier alt.

Ståle Dingstad, som skreiv doktorgrad ved Universitetet i Oslo om Hamsun, er usamd i denne oppdelinga mellom person og verk (Apollon 01.02.02). Han hevdar at Hamsun hadde politiske føremål med dei tekstane han skreiv. På den måten vert det veldig vanskeleg å skilje til dømes Ringen sluttet (1936) som verk frå nazismen. Då Hamsun i mellomkrigstida skreiv denne romanen, låg nazismen bak som politisk prosjekt, meiner Dingstad.

Anders Heger har i Dagsavisen derimot trekt fram at dei politisk ømme punkta ved Hamsun som person gjer at det faktisk blir litteraturen som kjem i fokus ved dette jubileet (Dagsavisen 21.02.09). For at ei nasjonal feiring skal bli tåleleg må ein fjerne forfattaren og hans politiske visjon frå tekstane han skreiv. Sånn var det ikkje ved Ibsen-jubileet. Der meiner Heger at det var den nasjonale sjølvhevdinga som stod i fokus, mellom anna demonstrert ved framsyninga av Peer Gynt framfor pyramidane i Egypt. Dermed hamna dei litterære verka til Ibsen fort i bakgrunnen.

Varierande grader av hysteri
Synspunkta over demonstrerer utfordringa tilskiparane av Hamsun-året har stått overfor. Ved opninga av året valte dei å lage ei forsiktig markering. På programmet stod framføring av Sult som gateteater og servering av suppe på St. Olavs plass. Kontrastane til den fyrverkeridominerte opninga av Ibsen-året var tydelege. Trass i denne forsiktige starten kom dronning Sonja for å opne året, og Mette-Marit har blitt den høge verje av jubileet. Bernt Hagtvedt ser ingen problem ved dette: – Sjølvsagt var det heilt i orden at dronninga opna året. La oss slutte med å vere så hysteriske.

Lokalsamfunnet på Hamarøy, som var heimbygda til Hamsun, er heller ikkje hysterisk. Der har det sidan 1980 blitt bygd eit eige galleri, lagd eit museum og ein eigen skule i Hamsuns namn. I år opnar det eit Hamsunsenter i bygda. På nettsidene deira viser dei til at fedrelandskjensla til Hamsun kom frå oppveksten på vakre Hamarøy. Samtidig forklarer dei Hamsuns nazistiske sympatiar med den same kjensla. Dei inviterer av den grunn folk til å kome til bygda og ”utforske hvordan biografi og forfatterskap kan henge sammen”. Dermed knyter dei forfattar saman med tekst og nyttar det som utgangspunkt for å lokke folk til seg.

Trøndelag Teater er av ei anna, meir kritisk oppfatning (Adresseavisa 12.01.09). Teatersjef Otto Homlung erklærte tidlegare i år at teateret skulle vere Hamsun-fri sone i jubileumsåret. I eit innlegg i Adresseavisa skreiv han: «Før man tar stilling til Hamsunjubileet kunne man jo lese dikterens nekrolog over Hitler. Hvis man etter det fortsatt med god smak i munnen vil feire jubileet, så er det bare å hive seg med på festlighetene.»

I vegen for andre ordskifte?
No når jubileumsåret har vart ei stund er det kanskje grunn til å utfordre Hegers teori om at dei vanskelege aspekta ved Hamsun har sett litteraturen hans i fokus. Store delar av ordskiftet har nemleg enda opp med å handle om det same som denne teksten har gjort til no. Kunne det vore annleis?

Når forfattarar blir jubilerte, er det eit godt utgangspunkt for å sjå verka deira i samanheng med dagens samfunn. Hamsun har gitt oss ein haug med tema som burde blitt diskuterte, men som i liten grad har blitt løfta så langt i jubileumsåret. I Sult går hovudpersonen i Kristiania og er svolten. I dag heiter byen Oslo, men framleis er det mange svoltne folk på gata som må tigge etter hjelp.  Løytnant Thomas Glahn lever i boka Pan i pakt med naturen i Nord-Noreg, akkurat som Isak Sellanrå gjer i Markens Grøde. Måten Hamsun hyllar den nordnorske naturen på, syner at han er noko å ta vare på. Kanskje det perspektivet burde stå litt høgare i kurs no når oljenæringa ynskjer å utvinne meir olje, og det frå Lofoten og Vesterålen.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.

Hellings: Granvin-Voss


Teksten stod på trykk i nr 4/2009, og er skreven av Kjartan Helleve.

Eg hadde ei grenselaus tru på haiking i ungdomsåra. Heilt utan grunn, sidan eg til saman har stått lengre og venta på haik på Voss og omland, enn på alle dei nasjonale haiketurane mine. Det ligg ei motvilje hjå folk mot å ta framande folk inn i bilen. Når avstanden heim er tre mil og ein samstundes sver til straight-edge-filosofien, så må ein stundom betale dyrt for det.

1) Eg var nokre gonger heime hjå Gro, som budde litt utanfor Granvin.  Det var ho som heile tida understreka at «me er berre vener, altså!». Ein av desse dagane vart til kveld, og både mora og Gro insisterte på at eg kunne liggje over. Nei då, det er ikkje noko problem å få haik i Granvin seint på kvelden. Så dei køyrde meg dei to kilometrane ned til hovudvegen, og eg stilte meg opp.

– Nei då, det går fint. Eg skal nok få haik, ser du. Ikkje noko problem.

Stemninga og optimismen gjekk bratt nedover derifrå. Etter to timar var klokka passert tolv, sommarkvelden hadde blitt natt og eg måtte tusle opp igjen til Gro og vekkje mora, som rigga meg til i kjellaren. If looks could kill.

2) Den herlege manglande evna eg har til å ikkje lære, sende meg ut på eit tilsvarande prosjekt same året. Eg var heime hjå ein kompis av ein kompis, ein frå den eldre garden alternative i Granvin. Han hadde eige hus, las Melody Maker og røyka saftige saker. Eg skulle på arbeid dagen etter, og fann ut at det ville vere heilt annleis å haike klokka tolv enn klokka ti. No var eg jo i sentrum, og det var ikkje måte på trafikk.

Vel, det var det. Eg kunne vel rekne alle bilane som køyrde forbi i løpet av to timar på ei hand. Så eg beit nok i gong i det sure eplet og gjekk til den alternative for å leggje meg nedpå nokre timar.

Han hadde derimot slokna og verkeleg slokna. Det var umogleg å få liv i nokon der inne. Den einaste løysinga var difor å tjuvlåne sykkelen hans og sykle heim. Mellom Granvin og Voss er det om lag ti ljosstolpar, og ikkje var det lykt på sykkelen. Månen var vekk. Nokre veker tidlegare hadde Søtviken sust forbi meg i Tjukkebygda i full fart utan ljos. Difor var eg nervøs då eg skulle sykle opp Skjerve. Eg såg for meg korleis Søtviken på ny kom susande nedover, sjølv om ein kan stille seg spørsmål ved kva han skulle i Granvin på denne tida av døgnet.

Løysinga var song. Så eg song heile vegen, heilt til eg kom heim. To timar seinare stod eg opp for å reise på jobb. Den alternative var dritsur då eg leverte sykkelen nokre dagar seinare. Han skulle òg på på jobb dagen etter, men sykkelen var vekke.

3) Seinare på hausten var eg på ny heime hjå den alternative. Denne gongen var det fest, og det var noko i ungdomshuset. Kan det ha vore ein slags konsert? Gudane veit. Uansett skulle Kåre på nachspiel, men Pilten, Egil og eg skulle, jepp,  haike heim.

Av erfaring visste eg jo inst inne at det var umogleg, og det gjorde ingenting betre at me var tre, at det var laurdagskveld og at det var fest i ungdomshuset. Men eg kommuniserte som vanleg dårleg med mitt indre, og me stilte oss opp.

Det varte likevel ikkje lenge før me byrja å gå. Som om det skulle vere enklare å få haik ein stad der det ikkje var ljos i det heile.  Fort fekk me merka at det ikkje var sommar lenger, og eg hugsa me fann nokre aviser i eit buss-skur som me putta i buksene og under jakkene. Det hjelpte, og i overmot fann me ut at me skulle gå heile vegen heim. Tre mil midt på natta i edru tilstand.

Då me nærma oss Flatlandsmo Camping etter nokre timar hadde alle fått nok. Løysinga var å leggje oss inn på dassen der. Streitingfaktoren slo inn for fullt, og me rekna med å bli oppdaga av nattevakta som heilt sikkert gjekk ein runde i fire-tida på natta for å sjekke om nokon hadde lagt seg inn på dassen for å sove. Så me låste oss inn på kvar vår do for å sove meir eller mindre rundt sjølve doskåla. I heilt edru tilstand.

Halv sju tusla me ut, utan at nokon nattevakt hadde vore og sjekka, og utan at nokon av oss hadde sove særleg godt.
Det er alltid lov å prøve seg på haik. Ein må berre syte for at ein har ein plan B på under tre mil.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.