Veronika valsar opp: Eg, ein sutrekopp? Langt ifrå!


Teksten stod på trykk i nr 1/ 2019 og er skreven av Veronika Bonaa.

Tru det eller ei: det finst faktisk opptil fleire ting som eg ikkje irriterer meg over på ein flekk. Pussig nok ser akkurat desse tinga ut til å irritere vitet av alle andre. Avisene er stadig fulle av hjartesukk over tema som eg rett og slett ikkje klarer å engasjere meg nok i til å ha ei meining om i det heile. Og skulle eg slumpe til å ha ei meining, er ho gjerne heilt på tvers av det som ser ut til å vere gjengs oppfatning. Dei som ynskjer å verve meg til hylekoret sitt, gjer lurt i å unngå desse temaa (i nokså vilkårleg rekkjefylgje):

1)    Snøen.

Eg synest snø er fantastisk. I skrivande stund ligg han på tredje veka over alle marker og glitrar i måneskinet. Han er vakker å sjå på, han beskyttar plantene mot kulden, og han byd på tallause moglegheiter for trim og moro for både små og store. What’s not to like? Greitt, det er ikkje lurt å prøve å køyre opp bratte bakkar fulle av store, ubehandla mengder av han, som eg fekk erfare for ei vekes tid sidan, men årsti-da vi er inne i har altså ikkje tilnamnet «baron vinter». Er du konge, skal du herske. Så til alle surpompar der ute, som tek til å lengte høglydt etter våren i det dei første, lub-ne, kvite fnugga landar: Kan de ikkje gå for dykk sjølve og syte, i det minste?

2)    Brøytinga.

I det dei før nemnde snøfnugga tek til å dale, og brøytebilsjåførane set i gang med å prøve å halde vegane sånn nokolunde framkomelege, ringjer dei første surpompane inn til open linje i avisa. Innlegga haglar på nettdebattane, avisene sender fotografar til nedsnødde vegar der polske lastebilar på sommardekk sklir om kapp, og alle veit om ein bakke som enno ikkje har hatt kjenning med plogen, fleire minutt etter at snøkaven melde seg. Som Aasen sa, er det tung ære å gå fremst i snjobrøyti, men då det sist veke var ein som ringde inn til Sunnmørsposten og klaga fordi brøytinga var for bra, forsto eg verkeleg for ein utakknemleg jobb det er å vere plogførar.

3)    Straumprisane.

Desse vert det jo eit jammer om med det same magasina er fulle, eller tomme, eller halvfulle, eller halvtomme, eller det regnar eller er kaldt eit par dagar i strekk. Eg visste ikkje eingong at vi har Noregs dyraste straum her på mine kantar. Det er jammen bra eg er gift, for eg hadde heilt sikkert aldri orka å setje meg inn i dette med nettleige og kilowattimar, og hadde vore eit lett bytte for ivrige straumseljarar om ikkje mannen min hadde teke seg av slike keisame ting.  Det som forundrar meg litt, er at dei same folka som syt og ber seg over kor dyr straumen er, har hatt døgnkontinuer-lege lysshow gåande i og rundt husa sine i eit par månader no, og det er lite som tyder på at dei glødande nissars liga vert send i dvale på enno eit par veker.

4)    Offentleg amming av «store» (les: meir enn ti månader gamle) ungar.

Når det gjeld amming, må ein berre vere innstilt frå starten på at ein kjem til å gjere alt feil. Ammar du ikkje, er det gale. Ammar du litt, er det også gale, for då burde du klare å amme meir. Og ammar du så folk ser, er det forsyne meg gale det òg, iallfall viss ungen kan stabbe rundt på sine eigne små føter og uttale ordet «pupp». Eg har aldri forstått kva slags akutt endring i næringsbehovet som inntreffer samstundes med at ungen lærer å gå eller snakke, slik at han frå då av ikkje lenger har bruk for verdas beste nærings-middel.

Ulikt mange gamle (og skremmande mange unge) surpompar der ute, gidd eg rett og slett ikkje irritere meg over ein ammesituasjon som korkje inkluderer mine puppar eller min unge. Men somme set altså kaffien beint i vrangstrupen om dei kan skimte ein eittåring som ber mor si om mat og får det inne på kafeen (og ikkje på toa-lettet, der så store ungar bør ete måltida sine). Knapt tildekte puppar spreidde utover alle avissider, vekeblad og TV-skjermar er greitt, så lenge dei berre har til hensikt å få oss til å kjøpe sydentur, slankeoperasjon eller super-BH, men knapt tildekte puppar med ein eittåring hekta på er altså styggedom ved eit kafébord. Eg fattar det ikkje.

5)    At jula kjem så tidleg.

Dette kan ha ein viss samanheng med at eg bur såpass langt utpå bygda at eg med litt planlegging kan unngå peparkaketårna til eit godt stykke ut i november. Hadde eg vore nøydd til å krysse Torgallmenningen kvar dag, hadde eg kanskje, kanskje, vore vervbar til akkurat dette hylekoret. Eg må tilstå at eg minnest vagt at eg ein gong skreiv under på ein nettaksjon for  å utsetje julepyntinga av butik-kane nokre veker. Men då eg i fjor haust skulle skipe til julemesse og prøvde å skaffe ty til alle dei fine tinga vi skulle sy, vart eg rett og slett litt småsur på Kid-dama som sa at julevarene ikkje kjem før i slutten av oktober.

6)    Skj-lyden sin sigersgang gjennom landet.

Visst er det fælt å høyre på når folk seier skjøttkaker, og eg trudde knapt mine eigne øyre då ein elev nyleg spurte meg om ”kjortel” skal skrivast med skj-. Men folkens, vi har den same prosessen å takke for at vi i dag seier ”tak” anten vi meiner noko ein tek i eller noko ein dekkjer huset sitt med, og det lydsamanfallet lever i alle fall eg heilt fint med.

Eg har større problem med det totale samanbrotet i den delen av språket det faktisk går an å ta nokolunde vare på, nemleg rettskrivinga og grammatikken, men vi som let oss irritere over slikt pirk er nok i klart mindretal samanlikna med dei som som trur skj-lyden kjem til å føre oss rett i avgrunnen.

7)    Og med framtidig referanse, om vi er heldige: varmen.

Ikkje før er folk ferdig å syte og klage over snøen, så er det eit evig mas om at sommaren nok kjem til å regne vekk  i år òg, sann mine ord. Men så, når dei høgare makter i eit slags delirium finn ut at dei skal spandere ein fire–fem samanhengande solskinsdagar på oss vestlendingar, går det ikkje lenge før varmen vert uuthaldeleg. Å nei, det er så varmt at ein må drikke isvatn for å kjøle seg ned! Ring styresmaktene, vi må få eit forbod mot ein slik drepande varme!

Sjå der, ja! Sju ting som eg altså ikkje irriterer, men derimot kontrairriterer meg over! Viss dei verkelege surpompane her i verda kunne slutte å klage over desse bagatellane, for ikkje å seie svært fine tinga, men heller slo seg saman med meg i kampen mot ting som faktisk er irriterande (sjå vilkårleg nummer av Mål og makt for tips), kunne vi fått ei betre verd på ein, to, tre!

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.