Truga verdsarv


Dette er leiarartikkelen frå nr 4/2009, skreven av Astrid Marie Grov.
Ettersom eg er lingvist, og dermed over snittet interessert i språk, spisser eg gjerne øyro når temaet kjem opp i ulike samanhengar. Ein av dei mest interessante påstandane eg i så høve har fått med meg, er at  «norsk er eit lite språk». Og det kan kanskje verke slik, her i vårt nordeuropeiske hjørne av verda, ettersom me unekteleg har ein del store språk rundt oss. Men likevel synst eg påstanden er litt pussig, sjølv om han kjem frå «mannen i gata», utan språkfagleg bakgrunn.

Tenk på alle dei små språka som finst i Nord-Europa. Berre i Noreg har me romani, rom-folket sitt språk, og sørsamisk, som du kan lesa meir om i dette bladet. Desse språka er på Ethnologue si liste over verdas truga språk. Og dersom me skal sjå verda under eitt, er norsk for eit enormt språk å rekne. Ifylgje den same nettstaden er språket vårt det 112. største språket i verda, av dei kring 6000 språka me har (det er sjølvsagt problematisk å talfeste dette, fordi det i mange tilfelle t.d. er vanskeleg å skilja mellom språk og dialekt).

I mange land finn me ein drøss med truga språk. I somme tilfelle kan dei vera truga av større lokale språk, men svært ofte er det det språket til den tidlegare kolonimakta som representerer det største trugsmålet. Slik er situasjonen i Bolivia, der ein har starta ein revitaliseringsprosess for å redde 36 urspråk. I ei undersøking svara heile 50% av innbyggjarane at dei snakka eit urfolksspråk, og heile 62% at dei rekna seg som urfolk. Språka desse menneska snakkar manglar prestisje, og er heller ikkje nedskrivne, men dette har ein no tenkt å gjera noko med, m.a. ved at alle ungar skal lære eit urfolksspråk i tillegg til spansk i skulen. Når somme av språka har berre nokre få tusen talarar, er ein avhengig av at slike prosessar ber frukter.

Og ein meir heimleg situasjon fortel oss at handling nyttar, dersom målet er å hindre språkdaude. Inger Johansen, doktorgradsstipendiat ved Samisk høgskole i Kautokeino, men med arbeidsplass på NTNU i Trondheim, meiner at det er fleire faktorar som spelar inn på sjansane eit språk har til å overleva: – Vi får lett eit mekanisk syn på språkdaude og kva som driv prosessen. Sørsamisk skulle strengt tatt ha døydd ut for lenge sidan. Men nokre eldsjeler i kvar generasjon har halde liv i det, og eg trur talet på slike eldsjeler berre aukar.

Men det er ikkje berre språk du kan lesa om i dette nummeret. Me er t.d. straks ferdige med Hamsun-året, og meiningane har vore delte om korleis dette bør markerast. Eit valår er snart historie, og du lurer kanskje på korleis valet artar seg for ein valobservatør på innsida av lokalet? Les om dette, og meir til, i Mål og Makt 4/2009.

God lesnad, og me sest på nyåret!

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.