Ei heilag, demokratisk kyrkje?

Teksten stod på trykk i nr 1/2010, og er skreven av Torkil Hvidsten.

Kyrkjevalet i fjor var den første testen på om kyrkja var klar til sjølvstyre. Det vart ein fiasko.
Det historiske stortingsforliket om staten og kyrkja starta to parallelle prosessar. Kyrkja skulle skiljast frå staten, samstundes som ho skulle demokratiserast. Folkekyrkja vert rekna som klar til å styre seg sjølv den dagen det er folket som styrer kyrkja. Derfor vart det skipa ei demokratiseringsreform som skulle gi kyrkjemedlemmane større høve til påverknad og dei valde organa meir legitimitet.

Kyrkjevalet vart halde samstundes med stortingsvalet. Her kunne alle medlemmar av Den norske kyrkja røyste fram kandidatar til sokneråd, eit lokalt organ, og bispedømeråd, eit regionalt organ. Dei som vart valde inn i sistnemnde utgjer også Kyrkjemøtet, som er det høgste representative organet i kyrkja. Bispedømerådsvalet fekk under ti prosent oppslutning. Valet til sokneråda noko over tolv prosent.

Resultatet ville vore ei pinsam skandale i dei fleste demokratiske samanhengar. Men direktøren i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen, var raskt ute med å kalle valet ein suksess. Han gjentok det til og med ei rekke gonger i dagane etter at resultatet var klart.

Argumentasjonen var at oppslutninga var kraftig auka frå tidlegare val. Det er sant. Oppslutninga vart meir enn dobla frå tidlegare år. Men i tidlegare år gjekk valet føre seg bakarst i kyrkja etter gudstenesta eit par grå haustsøndagar, då dei mest ivrige kyrkjegjengarane vart opplyste under kunngjeringane om at det var eit val på gang og pliktskuldig leverte inn ferdigutfylde lister til soknerådsvalet. Etterpå peika dei utvalde ut bispedømmeråd og kyrkjemøte. Målt opp mot denne tidlegare val-parodien var fjorårets kyrkjeval relativt vellukka. Målt opp mot det meste anna var kyrkjevalet noko nær ein fiasko.

Skjult dagsorden
Bakgrunnen for at direktøren i Kyrkjerådet likevel gjer sitt beste for å omtale valet som vellukka, er at han er ein klart ivrigare tilhengar av kyrkjeleg ”sjølvstyre” enn av kyrkjeleg demokrati. Dei siste tiåra, særleg under Arbeiderparti-regjeringar, er det Johnsen og hans konservative meiningsfellar som har kjempa for ei ”sjølvstendig” kyrkje. Dei vil ha seg fråbede at kyrkjeministeren utpeikar (liberale) biskopar. Dei vil utpeike sine eigne (konservative) biskopar. Og dei har fått det stadig meir travelt ettersom både medlemmane og dei tillitsvalde i kyrkja har rørt seg i stadig meir liberal retning.

Departementet og Kyrkjerådet har i dragkampen kring demokratireforma vore usamde i mangt, men dei har vore einige om at det store fleirtalet av kyrkja sine medlemmar – i alle fall i dei fleste bispedøme – er meir liberale enn dei som går til gudsteneste kvar søndag. Derfor har eitt av stridsspørsmåla vore kor breitt ut i medlemsmassen demokratiet må nå for at staten skal erklære kyrkja for å vere i stand til å styre seg sjølv.

Staten, med dåverande kyrkjeminister Trond Giske i spissen, har stått knallhardt på kravet om reell demokratisering. Kyrkja skal overlatast til folket – ikkje til Johnsen og krinsen hans. Ved utpeikinga av Rigmor Aasrud til ny kyrkjeminister, sa Jens Stoltenberg at ho ville bli den siste kyrkjeministeren i Noreg. Etter henne kjem sjølvstende. I så fall må det gjerast drastiske grep med kyrkjedemokratiet, om ikkje Stoltenberg skal ende opp med å springe kyrkjerådsdirektøren sitt ærend. For det er langt igjen til kyrkjedemokratiet.

Alfabetet avgjorde
Valet vart gjennomførd med ei uheldig samanblanding av preferanseval og alfabetiserte lister. Dette førde til at at den viktigaste føresetnaden for å verte vald inn i eit bispedømeråd var å ha eit etternamn på ein bokstav tidleg i alfabetet. Avisa Vårt Land kom fram til at 42 prosent av kandidatane med namn på A-G vart valde, 16 prosent av kandidatane mellom H og L, 10 prosent av kandidatane mellom M og R, og knapt 7 prosent av kandidatane mellom S og Å.

I soknerådsvalet hadde ikkje etternamnet like mykje å seie. Her var listene satt opp på førehand, av det sitjande soknerådet. Det var teoretisk mogleg å endre på lista, men systemet for kumulering, stryking og endring av posisjonar var særs vanskeleg å forstå då valet vart gjort – og endå meir uforståeleg i ettertid. Ein burde minst vore valforskar for å forstå korleis ein skulle endre lista for å få ho i samsvar med eigne ønske. Men heller ikkje valforskarane var særleg nøgde: Frank Aarebrot samanlikna valet med valsystemet i DDR.

Men at det heftar seg problem med rutinar, valordningar og system når ein skal arrangere val for første gong, er til å forstå. Verre er det med mangelen på demokratisk kultur og vilje som valet openberra. Den gamle valordninga var i praksis eit system der eit lite, indrekyrkjeleg og moderat konservativt miljø fordelte posisjonar og stillingar mellom seg. Motviljen mot å la folket få faktisk makt over kyrkja har hefta ved heile valet.

Ei rekke bispedøme sørgde for at folket bare kunne velje halvparten av medlemmane til bispedømerådet. Den andre halvparten skal utpeikast av sokneråda (og sammensettinga av desse var i praksis gitt på førehand).  Komiteane som sette opp vallistene til bispedømerådsvalet var heller ikkje synleg opptekne av å gjenspegle korkje medlemsmassen eller meiningane i kyrkja. For å ta spørsmålet om homoekteskap som eit lakmus-døme: I Møre var det éin kandidat av totalt 21 som støtta homoekteskap i kyrkja. I Agder var det ingen før Noregs Kristelige Studentforbund samla underskrifter nok til å lansere eit kandidatur. I Bjørgvin var det ingen i det heile.

Hemmelege meiningar?
Men også i dei bispedøma der det faktisk var mogleg å velje mellom kandidatar med ulike syn i kontroversielle spørsmål, gjorde kandidatane sjølve sitt beste for å dekke til motsetningar og usemjer.

Ein skulle tru det var eit minstekrav til den som stiller til val at ho oppgir kva ho meiner om spørsmål veljarane er opptekne av. Men når folket i folkekyrkja skulle omskapast til veljarar, fekk dei ikkje svar på kva kandidatane dei skulle velje mellom stod for. Då det konservative ”Nordisk nettverk for ekteskapet” ville kartleggje alle kandidatane sitt syn på homofile ekteskap i kyrkja, nekta om lag halvparten å svare. Ein del svarte nok ikkje av di dei ikkje ville forbindast med dette relativt ytterleggåande nettverket. Men mange sa også rett ut at dei ikkje ville fortelje kva dei meinte om saka. Enten fordi dei ikkje ville meine noko om ekteskapet før dei hadde lese Kyrkjerådet si utgreiing om saka, eller fordi dei meinte det burde halde med den presentasjonen av seg sjølve dei hadde skrive til kyrkja.no.

Presentasjonen på kyrkja.no var tenkt som den viktigaste informasjonskjelda for veljarane som skulle forhalde seg til 21-25 namn på ei liste. Nilsen eller Johansen – kva namn vil du skal styre kyrkja? Med mindre ein kjende alle kandidatane personleg, måtte ein ty til kyrkja sine nettsider. Der presenterte kandidatane (dei fleste, i alle fall) seg stikkordsvis med kva satsingsområde dei var spesielt opptatte av. Stort sett i eit indrekyrkjeleg språk som gav meining til dei som allereie var særs engasjerte og informerte:  Nokre var opptekne av gudstenestereforma, andre av trusopplæringsreforma.

Nokre var opptekne av diakoni og andre igjen av ”18-30”. Langt dei fleste ramsa bare opp kva dei var opptekne av, utan å gi klare svar på kva dei ville gjere innafor desse områda. Den interne konsensuskulturen frå tida før det var naudsynt å bry seg med valet låg tungt over presentasjonane. Dei kontroversielle spørsmåla vart feia under teppet: ”Du skal få vite kva eg meiner når kyrkjerådet, som eg har utpeika, har sagt kva dei meiner. Dette er uansett ikkje eit veldig viktig spørsmål. Du bør heller bry deg med kva eg meiner om gudstenestereforma”.

Kva må gjerast?
Korleis kan så den demokratiske legitimiteten til kyrkjevalet aukast? Valordninga må openbart endrast. Veljarane må få betre og meir presis informasjon. Det må gjerast klart at om ein stiller til val til eit offentleg verv, pliktar ein å svare på spørsmål frå media og veljarar. Det må også diskuterast om det er føremålstenleg å leggje kyrkjevalet samstundes med stortingsvalet. Dette gjer det nok lettare å røyste, men i tillegg til dei reint prinsipielle problema denne løysinga reiser, er det liten tvil om at kyrkjevalet druknar i den øvrige valkampen.

Media sin omtale av valkampen vil sannsynlegvis auke om Hvidsten ikkje må konkurrere med Stoltenberg og Halvorsen om merksemda. Men det viktigaste grepet vil vere å samle kandidatar under felles lister og plattformar. Noregs Kristelege Studentforbund starta så vidt med dette i denne valkampen. Vi samla inn underskrifter og fekk lansert fire kandidatar (inkludert underteikna) som stilte til val på ein plattform kalla ”Ei open, radikal og solidarisk kyrkje”, der vi skisserte nokre ønske for kvar vi ville at kyrkja skulle bevege seg.

Til neste val bør langt fleire høyre til ei slik liste eller plattform, og så må plattforma sendast ut med valkortet. For kvinna i gata vil valet opplevast langt meir forståeleg og meiningsfullt om ho kan velje mellom Konservativ liste, Homoekteskap NÅ! eller Salmebokas venner – og ikkje bare mellom Hansen, Nilsen og Hauge. Dette vil synleggjere at kyrkjevalet faktisk handlar om å fordele makt. At det ikkje er slik at alle som stiller til val meiner nøyaktig det same. Dessutan kan det bidra til å løfte fram at det faktisk er fleire saker enn homoekteskap ein tar stilling i kyrkjevalet, på ein betre måte enn ved at nokre av kandidatane har «gudstenestereforma” som stikkord på kyrkja sine heimesider.

Og så må Stoltenberg og Aasrud snarast slutte å omtale Aasrud som landets siste kyrkjeminister. Styresmaktene må gi klare signal om at kravet om demokratisering før lausriving ligg fast – og at fjorårets val viste at kyrkja har langt igjen før ho kan kallast ei demokratisk folkekyrkje.

Torkil Hvidsten (f. 1980) er leiar i Noregs Kristelege Studentforbund, nyvald medlem av Oslo Bispedømeråd og studerer interkontekstuell teologi ved Universitetet i Oslo. Elles er han Ham-Kam-supporter, på godt og vondt. For tida mest på vondt.

Ting Mål og Makt for å lesa fleire tekstar av denne typen.