Om tidsskriftet

Mål og makt handlar mest om målsak og kulturstrid, vi snakkar med folk som er interessante, trekkjer ned buksene på dei som fortener det og inviterer gode skribentar inn i spaltene.

Me kvir oss ikkje for sjølvskryt, men me er faktisk det einaste tidsskriftet som ikkje berre skriv nynorsk. Ambisjonen vår er å vera eit blad for alle som er interesserte i språk, språkdebatt, kulturkamp, motkulturelle ståstader, til tider iblanda store dosar politikk. Innimellom saklegheita kan du lesa dei korte og lange snodige forteljingane til den faste spaltisten Kjartan Helleve. Mål og makt tøysar med nynorsk-adelen og ropar ut nye nynorske heltar.

Mål og makt har ei lang og ærerik historie frå det fyrste nummeret kom famlande i 1934 og fram til i dag. Tidsskriftet blir gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, og kjem med omlag fire nummer i året.

Ting Mål og Makt i eitt år for 185 kr! Send e-post til malogmakt@malogmakt.no med namn og adresse.