Grunna ei misforståing med banken so er diverre alle KID-nummerene feil lengde.
Skriv nummeret inn i meldingsfeltet i staden. Orsakar so frykteleg mykje for denne feilen.
Grunna ei misforståing med banken so er diverre alle KID-nummerene feil lengde.
Skriv nummeret inn i meldingsfeltet i staden. Orsakar so frykteleg mykje for denne feilen.
Det var ikkje enkelt å få til brevfaktura lagt med bladet, korkje hos oss eller trykkeriet. Men 2013-1 Språkåret vert i fylgje trykkeriet sendt ut i morgon.
Vonar de liker det
Gode abonnentar!
Utsendinga av krav om bladpengar blei diverre sterk forseinka i år og vi er leie for dette. Dato for innbetaling er difor urett. Me vonar at de svarar pengane så raskt som råd, i alle høve før året er omme:) De skal sjølvsagt ikkje betale purreavgift!
Vi reknar også med at alle har fått bladet sitt i posten:)
Alt godt
Skriftstyret i Mål og Makt
Studenttidsskriftet Mål og Makt søkjer skrivar i 20 prosent stilling. Tidsskriftet blir laga på frivillig basis, kjem ut fire gonger i året og innheld tekstar om kultur, politikk og språk. Det blir gjeve ut av Studentmållaget i Oslo.
I det siste har Mål og Makt publisert ein god del av tekstane som har blitt trykka på nett. Dei ligg nedover her, som innlegg. Du kan velja mellom tekstar i desse kategoriane:
Teksten stod i nr 1/2010, og er skreven av Tore Syvert Haga.
Kommunane er ein hjørnestein i demokratiet. Men hjørnesteinen blir stadig smalare og mindre stødig.
Ein høyrer stadig vekk at Noreg er ein velferdsstat. Eg er no ikkje så sikker på det. Snarare er Noreg 430 velferdskommunar. Då eg gjekk på skulen var det ikkje staten som fiksa det dei fyrste ti åra. Det var kommunen. Når farmor no er på sjukeheim er det ikkje staten som steller henne, men Randaberg kommune. Kulturskulen, der syster mi meir eller mindre lærde seg å spela tverrfløyte, er det heller ikkje staten som fiksar, men kommunen. I den grad allmennlegane er underlagt det offentlege sine venger, er det òg kommunen som har ansvaret for dei.

Teksten stod på trykk i nr 1/2010, og er skreven av Torkil Hvidsten.
Kyrkjevalet i fjor var den første testen på om kyrkja var klar til sjølvstyre. Det vart ein fiasko.
Det historiske stortingsforliket om staten og kyrkja starta to parallelle prosessar. Kyrkja skulle skiljast frå staten, samstundes som ho skulle demokratiserast. Folkekyrkja vert rekna som klar til å styre seg sjølv den dagen det er folket som styrer kyrkja. Derfor vart det skipa ei demokratiseringsreform som skulle gi kyrkjemedlemmane større høve til påverknad og dei valde organa meir legitimitet.

Teksten stod på trykk i nr 1/ 2019 og er skreven av Veronika Bonaa.
Tru det eller ei: det finst faktisk opptil fleire ting som eg ikkje irriterer meg over på ein flekk. Pussig nok ser akkurat desse tinga ut til å irritere vitet av alle andre. Avisene er stadig fulle av hjartesukk over tema som eg rett og slett ikkje klarer å engasjere meg nok i til å ha ei meining om i det heile. Og skulle eg slumpe til å ha ei meining, er ho gjerne heilt på tvers av det som ser ut til å vere gjengs oppfatning. Dei som ynskjer å verve meg til hylekoret sitt, gjer lurt i å unngå desse temaa (i nokså vilkårleg rekkjefylgje):

Dette er leiarartikkelen frå nr 4/2009, skreven av Astrid Marie Grov.
Ettersom eg er lingvist, og dermed over snittet interessert i språk, spisser eg gjerne øyro når temaet kjem opp i ulike samanhengar. Ein av dei mest interessante påstandane eg i så høve har fått med meg, er at «norsk er eit lite språk». Og det kan kanskje verke slik, her i vårt nordeuropeiske hjørne av verda, ettersom me unekteleg har ein del store språk rundt oss. Men likevel synst eg påstanden er litt pussig, sjølv om han kjem frå «mannen i gata», utan språkfagleg bakgrunn.